Nyheiter / News
Bukken blå
30/04/2013
Ca.20 personer starta i Mars opp ein utstyrsbutikk for kunst og handverk i Fosnavåg, i lokala til Bella Blå, eller gamle Stenersenbutikken. Dette er for folk som har ein hobby dei vil vise fram, og kanskje tjene nokre kroner på det også. Så blant heimesydde kjoler og vinhøner og andre flotte ting, finn dokke 4 hobbyfotografer som har utstilt nokre bilder kvar, og eg er ein av dei. Så kom gjerne innom på "Bukken Blå" i Fosnavåg og sjå på alle dei fine tinga som er utstilt for salg der. Foreløpig verte det kun åpent kvar laurdag, men også under større arrangement som t.d maritim sommarfestival o.l.
Comments (click to expand)